Select Page

Det skal virka - det skal vara!

Helse i Hardanger stenger dørene

Etter vel fire år stenger Helse i Hardanger dørene. Då me i 2019 starta prosjektdrift i samarbeid med Haukeland universitetssjukehus, var det med klar ambisjon om å skapa eit kostnadseffektivt tilbod som kunne gi relevant og dokumentert helsegevinst som varte. Målgruppa var pasientar med samansette og kroniske helseplager. Dette er noko som samfunnet verkeleg har bruk for. Me har klart oppgåva med glans! 

Med ei konsentrert behandling som kostar 1/3 av dei ordinære tilboda, har pasientar fått auka funksjonsnivå, auka arbeidsevne, redusert bruk av helsetenester – og dei har vore svært nøgde. Helse i Hardanger-modellen har med knappe ressursar, frå mange gode støttespelarar, klart å bruka helsepersonell på ein måte som få, om nokon andre, har fått til. Den enkelte pasient har fått tilgang på skreddarsydd behandling levert av relevant samansette tverrfaglege team. Resultata er publisert i høgt akta internasjonale tidsskrift, og modellen er etterspurt av andre institusjonar i Norge og i utlandet.  

Til tross for at Helse i Hardanger leverer verksam behandling til lav kostnad, har me tapt på den arenaen der slaget står: Helse Vest takka nei til tilbodet, fordi dei på uforståeleg vis konkluderte med at me ikkje var konkurransedyktige på kvalitet og pris. Heller ikkje sjukehusa i regionen har sett mogelegheit for å innlemma Helse i Hardanger i si drift. Me har snudd “alle steinar” for vidare drift. 

Me har fått midlar til ei rekke forskingsprosjekt, og har levert topp kvalitet. I fjor fekk me, i konkurranse med andre, tildelt eit nytt prosjekt for behandling av long-covid og eitt til behandling av seinverknader etter kreftbehandling (cancer fatigue). Når det ikkje er midlar til den daglege drift, er det ikkje mogeleg å starte opp prosjekta. Me må sei dei frå oss.  

Det er for tidleg å sei kva lærdom me skal trekke av denne historia, men ein ting er sikkert: Pasientane er taparane. Og samfunnet treng at det offentlege forvaltar fellesskapet sine ressursar med klokskap – me har ikkje råd til å la folk gå med kroniske helseplager ein einaste dag for mykje. Innleiingsorda er valde med omhu: Helse i Hardanger stenger dørene – men me legg ikkje ned. Helse i Hardanger er – og skal fortsetja å vera – ei merkevare, eit kvalitetsstempel og ein arena for fagleg utvikling.