Det skal virka – det skal vara

Behandling for

Angst og depresjon    Rygg    Diabetes 2    Post Covid-19    Tungpust

1-2 månader interaktiv og digitalt heime

intensive dagar i Øystese i Hardanger

 interaktiv digital oppfølging

Velkommen til oss

 HIH har ei tverrfagleg og heilskapleg tilnærming. Uansett om plagene er av fysisk eller psykisk art, er det avgjerande med støtte i endringsprosessen. Me nyttar anerkjente psykologiske metodar for å lukkast med endring i gruppene, og spesialtrent helsepersonell tek del. Samtidig er det pasienten sjølv som har den viktigaste kompetansen, – me skal hjelpa deg med å nå DINE mål.

Prosjekt smarte helseløysingar

Behandlinga ved HiH er eit samarbeid med Helse Bergen og ein del av prosjektet “Utvikling av smarte helseløysingar” Dette er eit forskingsprosjekt, og både behandling og opphald blir dekka av det offentlege. Me tek imot pasientar frå heile landet.

Korleis me jobbar

FØREBUINGSFASEN 

som i stor grad føregår digitalt, skal sikra at du er grundig informert og førebudd på behandlinga. Du tek eit val om å bruka tre-fem heile dagar til å jobba intensivt og heilhjarta med endring.

ENDRINGSFASEN 

3-5 svært intensive og innhaldsrike dager i Øystese i Hardanger. Det blir intens jobbing, både mentalt og fysisk, med behandling og undervisning i grupper, felles trening,  og individuell oppfølging fra ulike fagpersoner. Les meir om opphaldet HER (link til behandlingssida)

VEDLIKEHALDSFASEN

Når dagane i Øystese er over, vil me halda kontakten med deg i eitt år. Me vil vera der for deg når du innarbeider nye vanar.