Behandlings-
tilbod
Tungpust
Rygg
Angst og depresjon
Diabetes 2
Tungpust
Tilbodet rettar seg mot deg med kronisk lungesjukdom. For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Det er viktig at du sjølv tenker gjennom kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlinga er konsentrert over ei veke, og oppfølginga strekk seg over eitt år. Du må rekne med betydeleg eigeninnsats i heile perioden.
Måla med tilbodet:
- betra funksjon i kvardagen
- auka fysisk aktivitet
- betra helse
- auka deltaking sosialt og/eller i arbeid
- betre kontroll på eigen sjukdom
- optimalisere medisinbruk
- optimalisere kosthald
- leve betre med helseplagene
Konseptet Helse i Hardanger:
Behandlinga skjer i tre fasar.
Les meir
I førebuingsfasa kartlegg me helseplagene og funksjonsnivå, definerer målsettingar og legg til rette for endring. Den konsentrerte behandlinga skjer i løpet av ei veke i Øystese kor du får erfaring med å gjere ting på ein ny måte. Mesteparten av den eitt år lange oppfølginga skjer digitalt. Fokuset vil vere å sikre at endringa kjem på plass i kvardagen din.
Me arbeider tverrfagleg, og personalet består av mellom andre legespesialist, sjukepleiar, psykolog, fysioterapeut, farmasøyt og klinisk ernæringsfysiolog. Aktivitetane vil i hovudsak vere i gruppe og vil tilpassast individuelle behov.
Søknad:
Om du tenker dette er noko for deg, må du vende deg til legespesialist eller fastlegen din. Dei kan søkje om opphald via henvisningskjemaet vårt.
Rygg
Tilbodet er retta mot deg mellom 18 og 70 år som er plaga med korsryggsmerter. For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Det er viktig at du sjølv tenkjer gjennom kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlinga er konsentrert over ei veke, og oppfølginga strekk seg etterfølgende over eitt år. Du må rekne med betydeleg eigeninnsats i heile perioden.
Måla med tilbodet
Betra fysisk funksjon i kvardagen
Auka deltaking sosialt og/eller i arbeid
Økt mestring i kvardagen
Leve betre med helseplagene
Informasjon om behandlingen
Behandlinga skjer i tre fasar:
Les meir
Forberedelse
Via mobil-app mottar du informasjon og fyller ut spørreskjemaene. Me kartlegg dine helseplager og funksjonsnivå, definerer målsettningar og legg til rette for endring. Du går også i gang med å bruke aktivitetsklokke som måler ditt aktivitetsnivå.
Endring HiH Øystese
Du møter til 5 konsentrerte dagar i våre lokaler i Øystese, Hardanger. Her blir du presentert for ein pasientutdannelse som er tverrfaglig, gruppebasert og individuet tilpassetl. Det er fokus på å betre eigen handtering gjennom økt kunnskap og fysisk evne, råd omkring kosthold og medisinar. Det vil få praktisk gjennomgang av trening daglig i løpet av opphaldet. Parallelt vil du få delta og få veiledning innanfor fire tverrgåande fellesnemnar (fysisk aktivitet, ernæring, farmasi og Korleis få behandlinga til å virke). Denne delen av behandlinga vil skje frå måndag formiddag til fredag formiddag i grupper på inntil 10 deltakarar.
Implementering
Du får 8-ukers oppfølging ved en sertifisert treningsklinikk i primærhelsetjenesten (GLA:D®Ryg) i nærleiken av der du bur. Når denne konsentrerte behandlinga er over, vil du måtte legge inn en betydelig eigeninnsats for å fortsette å trene på det du har lært. Du blir følgt opp i digitalt i 1 år etter opphaldet i Øystese. Fokuset vil være å motivere, støtte og rettleia deg.
Henvisning
Om du tenkjer dette er noko for deg, må du vende deg til legespesialist eller fastlegen din.
Henvisning blir sendt til Ryggmottaket, Haukeland Universitetssykehus, Helse Bergen. Elektronisk henvisning til Helse Bergen, Fysikalsk medisin og rehabilitering, Ryggforløpet, eller So Nord AFMR Ryggforløpet Henvisning.
Legespesialist på Nakke- og ryggpoliklinikken vil vurdere ut i frå henvisningen om pasienten er eigna for Prosjekt “utvikling av smarte helseløysinger” Rygg.
Angst og depresjon
Tilbodet er retta mot deg mellom 18 og ca. 45 år som er plaga med angst og/eller depresjon. For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Det er viktig at du sjølv tenker gjennom kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlinga er konsentrert over ei veke, og oppfølginga strekk seg over eitt år. Du må rekne med betydeleg eigeninnsats i heile perioden.
Måla med tilbodet:
- betra funksjon i kvardagen
- auka meistring i kvardagen
- auka deltaking i sosialt liv
- auka deltaking i skule/jobb
- leve betre med helseplagene
Konseptet Helse i Hardanger:
Behandlinga skjer i tre fasar.
Les meir
I førebuingsfasa kartlegg me helseplagene og funksjonsnivå, definerer målsettingar og legg til rette for endring. Den konsentrerte behandlinga skjer i løpet av ei veke i Øystese kor du får erfaring med å gjere ting på ein ny måte. Mesteparten av den eitt år lange oppfølginga skjer digitalt. Fokuset vil vere å sikre at endringa kjem på plass i kvardagen din.
Me arbeider tverrfagleg, og personalet består av mellom andre allmennlege/legespesialist, diabetessjukepleiar, psykolog, fysioterapeut, farmasøyt og klinisk ernæringsfysiolog. Aktivitetane vil i hovudsak vere i gruppe og vil tilpassast individuelle behov.
Søknad:
Om du synes dette er noko for deg, må du vende deg til fastlegen din eller ein legespesialist. ALLE HENVISNINGER SKAL SENDAST TIL BJØRGVIN DPS OG MERKAST “HELSE I HARDANGER”. Sjekkliste som skal følge henvisningsskrivet vårt ligg her.
Diabetes type 2
Tilbodet rettar seg mot deg med diabetes type 2 og som har diabetesrelaterte helseutfordringar. For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Det er viktig at du sjølv tenker gjennom kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlinga er konsentrert over ei veke, og oppfølginga strekk seg over eitt år. Du må rekne med betydeleg eigeninnsats i heile perioden.
Måla med tilbodet:
- betra funksjon i kvardagen
- betra helse
- betre kontroll på eigen sjukdom
- førebygge komplikasjonar
- optimalisere medisinbruk
- auka fysisk aktivitet
- optimalisere kosthald
- leve betre med helseplagene
Konseptet Helse i Hardanger:
Behandlinga skjer i tre fasar.
Les meir
I førebuingsfasa kartlegg me helseplagene og funksjonsnivå, definerer målsettingar og legg til rette for endring. Den konsentrerte behandlinga skjer i løpet av ei veke i Øystese kor du får erfaring med å gjere ting på ein ny måte. Mesteparten av den eitt år lange oppfølginga skjer digitalt. Fokuset vil vere å sikre at endringa kjem på plass i kvardagen din.
Me arbeider tverrfagleg, og personalet består av mellom andre allmennlege/legespesialist, diabetessjukepleiar, psykolog, fysioterapeut, farmasøyt og klinisk ernæringsfysiolog. Aktivitetane vil i hovudsak vere i gruppe og vil tilpassast individuelle behov.
Søknad:
Om du tenker dette er noko for deg, må du vende deg til legespesialist eller fastlegen din. Dei kan søke om vurdering via henvisningskjemaet vårt.