Kols

 

STATUS FOR BEHANDLING I HELSE I HARDANGER

Behandlingstilbodet vårt er ein del av Prosjekt Utvikling av Smarte Helseløysingar (PUSH-prosjektet), som er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse i Hardanger og Helse Bergen. Prosjektet er no i ein fase der me oppsummerer erfaringar og resultat av rehabiliteringa, med håp om å kunna vidareføre dette verksame tilbodet neste år. Alle våre rehabiliteringsgrupper for 2022 er fylt opp. Det er førebels ikkje avklart korleis me kan ta dette rehabiliteringstilbodet vidare i 2023. Me tek ikkje imot fleire henvisningar før dette er avklart. Heimesida vil bli oppdatert så snart me veit noko meir om dette.

Tilbodet rettar seg mot deg med kronisk obstruktiv lungesjukdom (kols).For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Tilbodet er både for dei som nyleg har fått diagnose og dei som har hatt den over tid.

Måla med tilbodet:

  • betra funksjon i kvardagen
  • auka fysisk aktivitet
  • betra helse
  • auka deltaking sosialt og/eller i arbeid
  • betre kontroll på eigen sjukdom
  • optimalisere medisinbruk
  • optimalisere kosthald
  • leve betre med helseplagene