Kontakt oss
Slik søkjer du
God informasjon om pasienten på førehand er viktig for at me skal kunna gje eit godt tilpassa behandlingsopplegg frå starten. Me ber difor tilvisande lege vera tydeleg i bestillinga og vekta aktuelle problemstillingar og målsettingar.
Søknad skal sendast frå fastlege eller spesialist
Når ein søknad er vurdert og godkjent, sender me ut skriftleg tilbod om opphald. Pasienten har då 14 dagars svarfrist til å takka ja eller nei til opphaldet.
Etter avslutta opphald vert epikrise sendt til henvisande instans, med kopi til pasient og pasienten sin fastlege med mindre pasienten motset seg dette, jmf. Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven)
Helse i Hardanger
Tlf. nr. 56 12 60 66
Hardangerfjordvegen 615
5610 Øystese
Førespurnader med helse- eller personopplysningar skal ikkje sendast til oss på e-post. Me kan heller ikkje svara på spørsmål om dette via e-post.
Fakturadresse:
helseihardanger@faktura.poweroffice.net
Vipps: 631838
Send oss ei melding
Kontakt oss via skjemaet under, så kjem me tilbake til deg så snart som mogleg.