Om oss
Helse i Hardanger
Ved Helse i Hardanger finn du ei breitt samansett gruppe fagfolk som er klar til å arbeide saman med deg som har utfordringar knytt til rygg, Post Covid-19 fatigue, angst og depresjon, diabetes type 2 eller med kols. Dette er helseplager som typisk har samansette årsaker, der den som er ramma kan ha nytte av innspel frå meir enn éin fagperson
Prosjekt “Utvikling av Smarte Helseløysingar” (PUSH)
Helse i Hardanger AS samarbeidar med Helse Bergen i PUSH. Det er eit konsentrert tverrfagleg helsetilbod til menneske med utfordringar knytt til tungpust, rygg, angst og depresjon eller diabetes type 2
PUSH er gjennomsyra av ei enkel tenking: skal helsevesenet lukkast med å møta dei store og veksande helseutfordringane i samfunnet, må me klara å mobilisera pasientane sine eigne ressursar i arbeidet med å oppnå betre helse.