Forskingseining

Utdanning, forsking og innovasjon

Det konsentrerte gruppeformatet er svært egna for opplæring av helsepersonell: I løpet av ei lita veke får fagfolk ta del i korleis folk med kroniske helseplager får hjelp til møte utfordringane på ei ny måte, og kan gjennom dette få «mester-svein» opplæring. Me legg og stor vekt på å utvikla program og teknologi for betre å kunna samhandla elektronisk med pasientar over tid (e-helse), og har som mål å kunna la Helse i Hardanger og vera ein arena for klinikknær forsking.

Det er skrive intensjonsavtale med Universitetet i Bergen, og intensjonsavtalar er under utarbeiding med Høgskulen på Vestlandet og NAV

SNART I GANG MED BEHANDLING FOR SEINPLAGER ETTER KREFTBEHANDLING OG COVID-19

Takka vere tildelingar frå Stiftelsen DAM – der me søkte saman med LHL  og Kreftforeningen og fekk tildelt prosjektstøtte, kan me no sjå fram til å utvikla nye behandlingstilbod og ta imot  pasientar med seinplager etter covid-19 og kreftbehandling. Så snart me er klare vil me ta imot henvisningar og starta desse viktige prosjekta. Har du spørsmål ta kontakt med Helse i Hardanger på telefon: 56 12 60 66

INNOVASJON I 3 SNITTFLATER

Det me tilbyd i Prosjekt “utvikling av smarte helseløysingar” er basert på kunnskap om dokumentert verksam behandling. Det nye ligg i måten me tek i bruk og set saman kunnskapen på. Alt me gjer er ramma inn av betraktningen: «Det skal virka».

1. Konsentrert behandlingsformat

Sjølv om den mest synlige og kjente delen av behandlinga er dagane ved Helse i Hardanger sine lokalar i Øystese er førebuinga og oppfølginga like viktig. Under opphaldet legg me til rette for at pasientane saman med det tverrfaglege teamet får prøva ut nye måtar å hanska med helseplagene. Men inga behandling er nyttig dersom det ikkje ligg til rette for å gå i gang med eit endringsprosjekt. I førebuinga legg me vekt på ei grundig utgreiing, og utfordrar óg pasientane på å tenke igjennom kva dei ynskjer å kunna gjera i kvardagen dersom helseplagene tok mindre plass. Etter opphaldet skal pasientane få sine spesifikke endringar på plass i kvardagen, og før ein reiser heim er det laga ein god plan for korleis dette skal skje. I tida etter behandlinga nyttar me elektronisk oppfølging.

2. Tverrfagleg skreddarsaum

 

Felles for kroniske helseplager er at dei ofte gjennomsyrer kvardagen og har omfattande konsekvensar for kva ein kan gjere. Mens dei fleste pasientar kjenner godt til dei vanlege anbefalingane om å vere fysisk aktiv, ete sundt, ikkje stresse for mykje og passe på å få nok søvn, er det vanskelig å vite korleis ein skal omsetja råda i eigen kvardag utan å risikere ei forverring av helseplagene. Ofte treng ein hjelp frå ulike fagfolk og spesialister.

Helse i Hardanger har sett saman tverrfaglege team som er tilgjengelege for den einskilde i den konsentrerte behandlinga. Samansette utfordringar er lettare å finna gode løysingar på når fleire fagområde samarbeider.

3. Ansikt til ansikt når det er nødvendig og elektronisk når det er nyttig

Tradisjonelt har oppmøtekontakt med relevant ekspertise vore måten å få tilgang på kunnskap til å kunne ta vare på eiga helse. Dette gir avgrensa tilgjengelegheit i lange periodar. Vi har skapt ein heilt ny plattform der pasientane har ansikt til-ansikt kontakt med relevant ekspertise i oppstart og i den konsentrerte behandlinga. Alle blir følgt opp med elektronisk og tilpassa oppfølging før, under og etter behandling. På denne måten kombinerer og integrerer vi det beste frå to verder og gjer med det kunnskap meir tilgjengeleg samstundes som det er meir ressurseffektivt.