Historia til Helse i Hardanger

Starten

Frå 2012 vart det arbeida med planane for eit Hardangerbad som skulle innehalde noko meir enn eit badeanlegg. Korleis kunne det i dette bygget med sine moglegheiter, og med eit hotell som næraste nabo, kunne utviklast nye helsetenester? Desse diskusjonane gjekk også i Kvam herad som skulle inn som medeigar i anlegget.

I mai 2014, basert på vedtak i Kvam herad 19. mai 2014, vart det nedsett et utval. Dette vart leia av Alfred Halstensen og skulle utreie kva helsetenester som ville væra naturlege å tilby i det framtidige Hardangerbadet. Utvalet leverte rapporten sin 15. desember 2014. Diskusjonen held fram, men endelege planar kunne fyrst verta lagde då Hardangerbadet var fullfinansiert, ved årsskiftet 2017/2018.

Våren 2018 vart planar lagde for framtidige nye helsetenester i Hardangerbadet.

Helse i Hardanger vart stifta 27. mai 2018, leia av eit styre. Organisasjonsforma vart beslutta å vera eit «not for profit» aksjeselskap. Reidun Braut Kjosås vart tilsett som fyrste dagleg leiar 1. september. HiH vart registrert i Brønnøyregistrene 26. september 2018.

Visjon for HiH

Motivasjon til betring for pasientar med kroniske og/eller langvarige medisinske tilstandar.

Verkemiddel

Motivasjonsbasert og intensivt behandlingstilbod på 3­–5 dagar.

Forutsetning

Hensiktsmessig infrastruktur, med Hardangerbadet og Hardangerfjord hotell fysisk knytte saman.

Organisasjon

Helse i Hardanger er organisert som eit «Not for profit» aksjeselskap. Det er eigd hovudsakleg av interessenta. Dette er rundt 25 personar med ulik helsefagleg bakgrunn. Mange har tilknyting til lokalsamfunnet. Selskapet er registrert i Brønnøysundregisteret. Styreleiar er Stener Kvinnsland.

Pasienttilboda

Pasientbehandlinga vert gjennomførte i nært samarbeid med Helse Bergen. Prinsippa for ein samarbeidsmodell er godkjent av begge partar. Ein samarbeidsavtale er under utarbeiding og vil verta underteikna i 2019.

Utdanning, forsking og innovasjon

Helse i Hardanger vert ein arena for utdanning på alle nivå. Det vert ein arena for forsking og innovasjon med spesiell vekt på å utvikla program og teknologi for betre å kunna samhandla elektronisk med pasientar over tid (e-helse).

Det er skrive intensjonsavtale med Universitetet i Bergen, og intensjonsavtalar er under utarbeiding med Høgskulen på Vestlandet og NAV.

Grunngjeving for etablering av Helse i Hardanger

Grunna av store endringar alderssamansetnad i befolkninga (demografi), endringar i sjukdomsbilete og behandlingsmoglegheiter (epidemiologi), vil tal av pasientar med kronisk sjukdom auka betydeleg i åra som kjem. Dette gjeld pasientar med diabetes type 2, KOLS, nevrologiske sjukdommar, kreftsjukdom og demens osb. I tillegg kjem eit stadig aukande tal yngre pasientar med psykiske lidingar; angst og depresjon, og muskel og skjelett-lidingar. Fleire av desse endar opp uføre.

Dette betyr i praksis at dagens måte å tilby helsetenester på, forvaltning og innretning, ikkje er bærekraftig i framtida. Me må få til ei endring mot ei meir førebyggjande tenking, behandling basert på motivasjon og mobilisering av pasienten sine eigne ressursar, og langvarig oppfølging ved hjelp av moderne teknologi (IKT-hjelpemiddel). Dette vil kunna vera ressursbesparande, avlastande og komplementært til den etablerte helsetenesta. I tillegg vil det i fleire tilfelle også påverke pasientene si arbeidsevne positivt, og vil med det kunna redusera behovet for ytingar frå samfunnet.

Modellval for behandlingstilboda:

Formatet me satsar på, og som vil vera bærebjelken i tilbodet, er motivasjonsbasert intensiv behandling, typisk ei veke frå mandag til fredag. Her vil tilnærminga, etter presis diagnostikk, vera sjukdomsspesifikk behandling; og med støtte av fysisk aktivitet, ernæringsopplæring og trening; korrigering og reduksjon av medikamentbruk og psykososial støtte. Behandlingsteama vil vera samansatte av helsepersonell med ulik kompetanse, der miksen av kompetanse vert tilpassa dei ulike diagnosegruppene.

Tilpassa infrastruktur:

Hardangerbadet er eit bygg under oppføring i Øystese i Kvam herad i Hardanger som vil stå ferdig 15. desember 2019. Bygget er et samarbeidsprosjekt mellom Kvam herad (1/3) og Hardangerbadet Eiendom, eit privat selskap (2/3). Det er eit bygg som skal bidra til å fremma helse og trivsel.

I 1. etasje vil det vera tre basseng der eitt er terapibasseng, treningslokale, apotek, kafé og eit visningssenter for fiskeoppdrett (Lingalaks).

I 2. etasje vil Helsebanken legekontor flytta inn med seks allmennlegar og blodprøvelaboratorie. Det vil i tillegg være fysioterapi, tannlegeteneste og noko spesialisthelseteneste i denne etasjen.

I 3. etasje vil Helse i Hardanger halde til, med sine program for betra tilbod til kronikargrupper. I tillegg til konsultasjonsrom vil det mellom anna vera testlaboriatorie, treningsfasilitetar og undervisningskjøkken.

Næraste nabo er Hardangerfjord hotell. Det er fysisk knytt til Hardangerbadet. Hotellet går for tida gjennom ei stor rehabilitering med bygging av fleire overnattingsrom, møterom osb. Hotellet vil vera ferdig våren 2020. Nærleiken til hotellet er heilt ideelt med tanke på å utnytta fasilitetane i Hardangerbadet (trening, basseng osb.) for pasientane som skal gjennom dei planlagte behandlingsopplegga. Det vil også gje moglegheiter for pårørande å delta i opplegga der det er relevant.

Planlagt opning hausten 2020.

post@helseihardanger.no

 
Førespurnader med helse- eller personopplysningar skal ikkje sendast til oss på e-post. Me kan heller ikkje svara på spørsmål om dette via e-post.

Hardangerfjordvegen 617, 5610 Øystese

Hardangerfjordvegen 615
5610 Øystese

Org. nr. 921 238 878

Intensjonsavtalar

Samarbeidsavtalar

Brukar- og paraplyorganisasjonar

Sponsorar

Pin It on Pinterest