Kven er tilbodet for?

Aktuelle helseplager

Prosjekt “utvikling av smarte helseløysingar” (PUSH) legg til rette for utvikling av nye, kunnskapsbaserte behandlingskonsept for ulike plager. Målet at det skal bli ein del av det offentlege helsetilbodet. Det tyder at målgruppene vil variera over tid.

For tida har me tilbod til pasienter med følgjande helseplager:

  • Ryggproblem
  • Diabetes type 2
  • Angst- og depresjonsplager
  • Post-Covid-19 plager
  • Kols

Målgruppa

Målgrupper er pasientar som har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta.

Tilbodet kan vera aktuelt for den som:

  • over noko tid har slite med helseplagar innan tilboda våre
  • er sjukemeld, eller står i fare for å bli sjukemeld
  • ynskjer å fungera betre eller koma tilbake i jobb eller utdanning
  • er klar for å gjera ein eigeninnsats for å ta tak i eigne problem
  • kan gjera seg nytte av eit tverrfagleg tilbod
  • ynskjer å leva betre med helseplagene sine

Vegen inn

Prosjektet er eit samarbeid med Helse Bergen. Du kan bli søkt inn til vurdering via fastlegen din eller spesialistar i Helse Bergen. Så snart me mottak henvisninga, blir du sett opp til ei avklarande vurdering. Her vil det bli vurdert om konseptet er noko for deg no. Om du i tillegg oppfyller kriteria for «rett til helsehjelp», blir du invitert til å delta.