Tilsette ved Helse i Hardanger

Janiche Buanes Heltne

Dagleg leiar

Mitt navn er Janiche Buanes Heltne, og jeg er daglig leder i Helse i Hardanger. Jeg er utdannet spesialsykepleier i barnesykepleie og har tilleggsutdanning innen barn og smertebehandling. Jeg har en administrativ lederutdanning, og har deltatt i Nasjonalt topplederprogram for helsevesenet og Solstrandprogram for yngre ledere. I tillegg er jeg i avslutningen av en master innen helseøkonomi, kvalitetsforbedring og helseledelse.

Jeg har 30 års erfaring fra Helse Bergen. 6 år som sykepleier, 7 år som prosjektleder, 13 år som avdelingssykepleier, assisterende oversykepleier, HMS leder og avdelingssjef.

Jeg er gift, har 3 voksne barn, en hund og en katt. Jeg har en aktiv fritid på fjellet og ved sjøen. Jeg er opptatt av innovasjon og å se nye muligheter. Er spesielt opptatt av mennesker og samhandling mellom dem. Jeg er særlig takknemlig for den velkomsten jeg har fått i Øystese! Jeg lover å ta godt vare på den muligheten jeg har fått med å bygge opp Helse i Hardanger.

Tore Børtveit

Prosjektleiar Angst og Depresjon

Mitt namn er Tore Børtveit. Eg er fødd og oppvaksen på Stord i Sunnhordland. Er gift og har to barn som for lengst har forlatt reiret. Eg tok psykologutdanning ved Universitetet i Bergen og har budd her sidan. Vart spesialist i klinisk psykologi i 1997 og har det meste av min erfaring frå klinisk arbeid i rusfeltet og i allmennpsykiatri. Siste sju åra har eg jobba i Firedagersklinikken/OCD-teamet ved Kronstad DPS. Frå januar i år leiar eg arbeidet med tilbudet til pasienter med depresjon og angst.

Eg har alltid forsøkt å late forskningsbasert kunnskap styre mine valg og prioriteringer i arbeidet mitt som klinisk psykolog. Eg har difor kjent meg heime i ein klinikk som legg såpass stor vekt på kvalitetssikring og forskning som vi gjer ved Firedagersklinikken.

Då eg vart presentert for prosjektet ”Helse i Hardanger” vart eg umiddelbart interessert i å kunne delta i dette. Her kunne vi skape ein tverrfagleg arena for å prøve ut alternative modeller for å levere helsetjeneste og behandling til pasientgrupper som veks i antal og som ein med tida må finne fram til nye og berekraftige måter å hjelpe.

Eg er svært difor glad for å kunne delta i arbeidet og er tilsett prosjektleiar for den fagsøyla som skal jobbe med angst- og depresjonsproblemer.

Øystein Theodor Ødegaard-Olsen

Prosjektleiar Rygg

Mitt navn er Øystein Theodor Ødegaard-Olsen. Jeg er født og oppvokst på Kolbotn like utenfor Oslo. Gift og 2 barn (1 og 5 år). Utdannet helseøkonom Universitetet i Oslo (2007), kiropraktor (2012) og lege (2015) Syddansk Universitet, Odense. Tidligere jobbet ved privat og offentlig ryggsenter i Danmark, Ortopedisk Raskere tilbake poliklinikk UNN Tromsø og Revmatologisk avdeling Haukeland Universitetssykehus. Er for tiden under spesialisering i allmennmedisin i Bergen. Fra November 2019 har jeg vært ansatt i prosjektet og arbeidet aktivt med tilbudet til pasienter med langvarige eller tilbakevendende godartede lave korsryggsmerter.

 Jeg har siden studietiden vært forskningsengasjert og forsøker å bruke kunnskapsbasert viten i mitt praktiske yrke som lege og kiropraktor. Danmark er for meg et foregangsland innen utdannelse, forskning og håndtering av rygglidelser. Et nordisk samarbeid omkring håndtering av en så stor pasientgruppe som godartet lave korsryggsmerter vil være både naturlig og spennende.

I 2014 ble jeg først introdusert til ideen omkring Helse i Hardanger (HiH) gjennom et lokalt grasrot-initiativ fra fastlegene i Øystese. De så muligheter for å bedre behandlingstilbudet for enkeltpasienter med ryggplager. Jeg fattet med en gang interesse for prosjektet og så et mulighetsrom for å skape et nytt tverrfaglig behandlingstilbud. Ideen har vokst med tiden og i dag står HiH i samarbeid med Helse Bergen om å skape en plattform for utprøving av tverrfaglige helsetjenester innenfor fire store grupper (angst og depresjon, rygg, tungpust, og diabetes type 2).

Jeg er svært glad for å kunne bruke min kompetanse og delta i dette arbeidet som prosjektleder for fagsøylen som skal jobbe med godartede lave korsryggsmerter.

Eirik Søfteland

Prosjektleiar Diabetes type 2

Mitt namn er Eirik Søfteland. Eg har saman med ein flott gjeng med høgkompetente fagfolk, ansvar for diabetestilbodet og forskinga ved Helse i Hardanger. Eg har bakgrunn som legespesialist innan hormonsjukdomar (endokrinologi) og har i mange år hatt ei særskilt fagleg interesse for diabetes. Eg har drive med aktiv diabetesforsking sidan 2005, og i 2014 forsvarde eg PhD-graden min, med tema mageplager ved diabetes. Hovudstillinga mi er sidan 2004 ved Haukeland Universitetssjukehus, der eg er overlege på medisinsk avdeling og Hormonlaboratoriet. I tillegg er eg aktiv i Diabetesforbundet og mangeårig leiar av Diabetesforum Hordaland (no: Vestland Sør).

Eg kjem frå ein lærarfamilie, og er den einaste «fråfalne» når det gjeld yrkesretning. Men eg har med meg heimanfrå eit sterkt engasjement for formidling og pedagogikk. Dette nyttar eg i praksis, med undervisning både ved Høgskulen Vestlandet og Universitetet i Bergen. Dette engasjementet håpar eg òg å kunne nytta i arbeidet ved Helse i Hardanger!

Diabetesinteressa starta som ung lege på Haugesund sjukehus, då eg frå 2002 fekk bryna meg på mange lange poliklinikklister. Det var ei bratt læringskurve, mest for behandlar! Ein ting undra meg mykje: Kvifor var det så stor skilnad på korleis ulike personar handterte diabetesen sin? Undringa vart starten på eit slag danningsreise, kor eg har lært meg å vere audmjuk for at liva våre kan by på så mangt av utfordringar, og at det meste kan verke inn på helsa (og blodsukkeret). Arbeidet mitt gav òg næring til ein frustrasjon over å sjå at helsetenestestrukturen vår ikkje var godt eigna for å ta hand om komplekse kroniske tilstandar, slik som type 2 diabetes. Mange personar vart vurderte som for frisk for spesialistpoliklinikken og var samstundes kompliserte å handsame hos fastlegane.

Difor tende eg med ein gong på ideen bak Helse i Hardanger, som tar mål om å hjelpe nettopp desse personane til eit betre liv med m.a. diabetes. Tilbodet kan du lese meir om på nettsidene våre.

Eg håpar vi sjåast i Hardanger!

Torunn Åkra

Matriseleiar fysisk aktivitet

Mitt navn er Torunn Åkra. Jeg har vel 30 års klinisk erfaring som fysioterapeut  fra arbeid med blant annet pasienter med tungpust, samt fra rehabilitering av kreftpasienter, lindrende behandling  og  hjerterehabilitering.  Jeg har også vært med i ulike prosjekter og synes det er inspirerende å være med å utvikle nye tjenestetilbud. Jeg har jevnlig undervisning på høgskolen VID samt på kurs og i utdanning av helsepersonell.

Jeg har hovedfag i fysioterapi, samt videreutdanning i veiledning.

Jeg er gift og har tre voksne barn. Fritiden tilbringer jeg gjerne på fjellet eller ved sjøen.

Mitt første møte med Helse i Hardanger var i en artikkel som jeg leste i BT i september 2019. Jeg kjente umiddelbart at dette var et prosjekt jeg hadde lyst å delta i. Fysisk aktivitet har alltid vært viktig for meg, og jeg er glad for å få bidra som leder av fysisk aktivitet i Helse i Hardanger.

Eli Skeie

Matriseleiar Ernæring

Mitt namn er Eli Skeie, og eg leiar for ernæringsmatrisa ved Helse i Hardanger. Eg er utdanna klinisk ernæringsfysiolog og tek no doktorgrad ved Haukeland universitetssjukehus/Universitetet i Bergen.

Eg er oppvaksen her i Kvam, og etter mange år i byen lokka bygdelivet igjen. Difor flytta eg heim saman med mannen min og våre to små born for snart to år sidan. Sidan då har eg vore involvert i utviklinga av Helse i Hardanger.

Eg synes ernæring er eit svært spennande fagfelt! Mat og drikke er heilt grunnleggande behov som påverkar både helse og trivsel. Fagfeltet kombinerer det medisinske saman med kultur, i tillegg til det sosiale. Eg er opptatt av at mat og måltid i størst mogleg grad skal vera positivt lada, og at ein ikkje treng å gjere måltida unødvendig komplisert eller restriktivt. Difor jobbar me for å lage ernæringsaktivitetar som skal inspirere til matglede og helsefremjande kosthold for ulike pasientgrupper.

Eg er sikker på at Helse i Hardanger kjem til å bli eit godt helsetilbod for mange, og eg er glad for å kunne bidra i det tverrfaglege arbeidet her.

Sidsel Rykken

Matriseleiar farmasi

Mitt namn er Sidsel Rykken, og eg er leiar for farmasimatrisa ved Helse i Hardanger (HiH). Eg må vere landets heldigste farmasøyt som har vorte invitert med inn i dette unike, tverrfaglege prosjektet. Og så er eg stolt og audmjuk over at eit slikt spanade arbeid finn stad i vakre Hardanger der eg har valt å slå rot. 

Våren 2017 flytta familien min og eg heim til Kvam, kor eg no jobbar som apotekar for Boots apotek Linnea. Eg er utdanna provisorfarmasøyt frå Universitetet i Oslo 2004. Dei første åtte åra jobba eg i Apokjeden med multidose og oppfølging av kommunale anbodskundar i mange delar av landet. Eg flytta vestover att i 2009 etter 13 år i Oslo, og hausten 2012 avslutta eg ei nokså hektisk pendlaraktivitet og stasjonerte meg som fagsjef i Sjukehusapoteka Vest HF. Dette er eitt av helseføretaka i Helse Vest RHF, og eg hadde ansvar for fagleg koordinering og utvikling av både publikumsapoteka, produksjonsavdelingane og seinare avdelingane for farmasøytiske tenester til sjukehusa. Frå mai 2015 til juni 2016 jobba eg som konstituert fagdirektør i Sjukehusapoteka Vest HF, samstundes som eg då hadde ein son på 2 år og ei lita dotter voksande i magen.  Så med ein familie på fire (og ein hund) avslutta me bylivet i 2017 og flytta til Kvam då moglegheita for at eg  kunne driva eit av dei lokale apoteka opna seg. 

Eg brenn for å dele kunnskap og bidra til at folk kan ta gode val. Når det gjeld oppgåvene min i Helse i Hardanger, vil dette bety at eg skal leie den delen av prosjektet som dreier seg om opplæring og rettleiing for helsegjestene slik at dei er godt rusta til å bruke medisinen sin rett. Eg gler meg stort!

 

Silja Brattli Tolo

Matriseleiar Tips og triks i endringsarbeid

Mitt namn er Silja Brattli Tolo, og eg er matriseleiar for «Tips og triks i endringsarbeid» i Helse i Hardanger. Dette betyr at eg har ansvar for utviklinga og gjennomføringa av endringsfokusert undervisningsprogram for helsegjestane våre.

Eg er 34 år gammal, og bur i Norheimsund med mannen min og våre tre vakre born på 8, 6 og 1 år. Av utdanning har eg bachelor i sjukepleie frå Høgskulen i Bergen og vidareutdanning i pedagogikk og psykisk helsearbeid. I mine 15 år med erfaring i helsesektoren, har eg arbeida ved Haukeland Universitetssjukehus/kreftavdelinga, Århus Sjukehus/transplantasjonsavsnitt for menneske med blodsjukdommar, i heimebasert omsorgsteneste og i ulike psykiatriske helsetilbod.

All erfaring tar eg no med meg inn i stillinga i det spanande prosjektet Helse i Hardanger kor eg arbeidar tverrfagleg med ei imponerande og flott samling av meget kompetente fagressursar.

Planlagt opning hausten 2020.

post@helseihardanger.no

 
Førespurnader med helse- eller personopplysningar skal ikkje sendast til oss på e-post. Me kan heller ikkje svara på spørsmål om dette via e-post.

Hardangerfjordvegen 617, 5610 Øystese

Hardangerfjordvegen 615
5610 Øystese

Org. nr. 921 238 878

Intensjonsavtalar

Samarbeidsavtalar

Brukar- og paraplyorganisasjonar

Sponsorar

Pin It on Pinterest