Visjon og verdiar
Visjon
“enkle og verksame helsetenester”
Verdiar
Helse i Hardanger vil utvikla og setja saman helsetenester ved hjelp av kompetanse og smartteknologi som klarer å mobilisera pasientane sine eigne ressursar for å oppnå betre helse. Saman med pasientar med ynskje om og vilje til å aktivt bidra i behandlinga, skal me skapa betre liv.
Etiske retningsliner for Helse i Hardanger
Retningslinene tar utgangspunkt i verdiane våre og i gjeldande lov- og regelverk. Dei gjeld for alt vertskap i HiH, det vil seie alle medarbeidarar – og midlertidig tilsette.
Hovudverdi: Berekraft
HiH skal fremja berekraft i vid forstand for pasienten, for fagfolka og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. For pasienten legg vi til rette for realistiske, varige endringar. Drifta av HiH skal fremja berekraft for fagfolka gjennom eit kunnskapsbasert og personleg gjevande arbeidsmiljø. Berekraft i eit samfunnsøkonomisk perspektiv inneber økonomisk lønsemd for HiH og ein ressursforløysande effekt for samfunnet.
1. I møtet med pasienten
-
Vertskapet i HiH skal møta alle pasientar og pårørande med respekt og ei framferd som speglar ei open haldning. Dette inneber blant anna å ha kunnskap om og evne til å gje informasjon som pasienten kan dra nytte av.
-
HiH ynskjer å mobilisere pasientane sine eigne ressursar for å oppnå betre funksjon og helse. Vertskapet i HiH skal bidra med støtte, fagleg kompetanse og oppmuntring undervegs i endringsprosessen.
2. Arbeidsmiljø
- Alle tilsette i HiH har ansvar for å skapa eit godt samarbeidsklima til beste for tilsette og pasientar. Heile organisasjonen har eit felles mål om eit trygt, utviklande og inkluderande fysisk og psykososialt miljø.
- Mobbing eller trakassering av kollegaer skal ikkje skje. Alle tilsette pliktar å melde frå til leiar eller verneombod om kollegaer vert utsett for trakassering eller diskriminering.
- All aktivitet i HiH sine lokale og med HiH sitt utstyr skal skje med fokus på tryggleik og etter gjeldande retningsliner.
3. Forsking
-
HiH skal alltid vere open for forsking, innovasjon og læring.
-
HiH følgjer retningslinene regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskningsetikk (REK) fastset.
4. Tryggleik
-
-
Alle knytt til HiH held seg fagleg oppdatert, følgjer faglege retningsliner lovpålagte krav, lokale prosedyrar og plikter.
-
Alle knytt til HiH er bevisste på etiske problemstillingar, både faglege problemstillingar og problemstillingar som gjeld menneskerettigheitar, arbeidslivsstandard, miljø og korrupsjon.
-
Alle tilsette har eit felles ansvar til ei kvar tid å vurdere si verksemd sett i lys av reglane. Me kjenner pliktene og rutinane ved avvik, og me skriv rapport når avvik oppstår.
-
Oppstår det tvil om ei handling er etisk forsvarleg, må vedkommande avstå frå handlinga eller ta spørsmålet opp med nærmaste leiar.
-
Teieplikta er ikkje til hinder for å melde frå om forsømming eller andre uhaldbare eller lovstridige forhold.
-
Det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel i pasientretta arbeid ved HiH.
-