Transport
Helse i Hardanger ligg i 3. etasje i Hardangerbadet i Kvam herad. Adressa er Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese.
Du kan køyra eigen bil eller nytta ulike offentlege transporttilbod for å koma til Øystese.
Dersom du nyttar eigen bil, har både Google Maps og 1881.no gode vegskildringar.
Fly
Næraste flyplass er Bergen Lufthavn, Flesland som ligg 80 km frå Øystese. Alternativ transport frå flyplassen er flybuss til Bergen sentrum og rutebuss vidare til Øystese. Du kan også ta drosje direkte til Helse i Hardanger.
Widerøe:: Tlf. 810 01 200 / wideroes.no
SAS: Tlf. 21 89 64 00 / sas.no
Norwegian: norwegian.no
Buss: skyss.no
Hardanger Taxi: Tlf: 07000 / 07000.no
Ruteopplysinga i Hordaland: Tlf. 177
Buss
Det går rutebussar til Øystese frå Voss og Bergen. Haukeliekspressen går innom Norheimsund som ligg 6 km frå Øystese.
www.skyss.no
www.nor-way.no
Ruteopplysinga i Hordaland: Tlf. 177
Tog
Frå Austlandet kan du ta tog til enten Voss eller Arna stasjon og så buss vidare til Øystese. Arna er ein times lengre togtur enn Voss, men det går oftare buss frå Arna. Sjekk bussrutene til skyss før du evt bestiller billett.
Hardangerbrua