Post Covid-19
STATUS FOR BEHANDLING I HELSE I HARDANGER
Behandlingstilbodet vårt er ein del av Prosjekt Utvikling av Smarte Helseløysingar (PUSH-prosjektet), som er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse i Hardanger og Helse Bergen. Prosjektet er no i ein fase der me oppsummerer erfaringar og resultat av rehabiliteringa, med håp om å kunna vidareføre dette verksame tilbodet neste år. Alle våre rehabiliteringsgrupper for 2022 er fylt opp. Det er førebels ikkje avklart korleis me kan ta dette rehabiliteringstilbodet vidare i 2023. Me tek ikkje imot fleire henvisningar før dette er avklart. Heimesida vil bli oppdatert så snart me veit noko meir om dette.
Langvarige plager etter Covid-19-infeksjon
Tilbodet rettar seg mot personar (18–67 år) som har betydeleg redusert funksjonsnivå minimum to månader etter Covid-19-infeksjon. Typiske plager kan vera tungpust, utmatting, konsentrasjonsvanskar, dårleg hukommelse, hovudpine, muskelsmerter, endra smak- og luktesans. For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeida saman med det tverrfaglege teamet for å betra eiga helse og eigen kvardag, og vera innstilt på å auka din fysiske aktivitet. Behandlinga er konsentrert over tre dagar. Oppfølginga strekkjer seg over eitt år. Du må rekna med relativt stor eigeninnsats i heile perioden.
Måla med tilbodet:
- betre funksjon i kvardagen
- auka kunnskap om- og mestring av- helseplagene
- tilrettelagt fysisk aktivitet
- betre helse
- auka deltaking sosialt og/eller i arbeid
- optimalisere kosthald og medisinbruk
Søknad:
Om du tenker dette er noko for deg, må du kontakta fastlegen din, ev. legespesialist. Dei kan søkje om opphald via henvisningskjemaet vårt. Tilvising skal sendast til Lungeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, merka med «Helse i Hardanger».
Om du har spørsmål til tilbodet, kan du ta kontakt direkte med Helse i Hardanger ved prosjektleiar Bente Frisk: bente.frisk@hvl.no