Rygg

STATUS FOR BEHANDLING I HELSE I HARDANGER

Behandlingstilbodet vårt er ein del av Prosjekt Utvikling av Smarte Helseløysingar (PUSH-prosjektet), som er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse i Hardanger og Helse Bergen. Prosjektet er no i ein fase der me oppsummerer erfaringar og resultat av rehabiliteringa, med håp om å kunna vidareføre dette verksame tilbodet neste år. Alle våre rehabiliteringsgrupper for 2022 er fylt opp. Det er førebels ikkje avklart korleis me kan ta dette rehabiliteringstilbodet vidare i 2023. Me tek ikkje imot fleire henvisningar før dette er avklart. Heimesida vil bli oppdatert så snart me veit noko meir om dette.

 

Tilbodet er retta mot deg mellom 18 og 70 år som er plaga med korsryggsmerter. For å delta, må du ynskje å setje av tid og krefter til å arbeide saman med oss for å betre eiga helse og kvardag. Det er viktig at du sjølv tenkjer gjennom kva du ynskjer å oppnå med behandlinga. Behandlinga er konsentrert over ei veke, og oppfølginga strekk seg etterfølgende over eitt år. Du må rekne med betydeleg eigeninnsats i heile perioden.

Måla med tilbodet

  • Betra fysisk funksjon i kvardagen
  • Auka deltaking sosialt og/eller i arbeid
  • Økt mestring i kvardagen
  • Leve betre med helseplagene

      Henvisning

      Om du tenkjer dette er noko for deg, må du vende deg til legespesialist eller fastlegen din. Dei kan søkje om opphald via henvisningskjemaet vårt.

      Henvisning blir sendt til Ryggmottaket, Haukeland Universitetssykehus, Helse Bergen. Elektronisk henvisning til Helse Bergen, Fysikalsk medisin og rehabilitering, Ryggforløpet, eller So Nord AFMR Ryggforløpet Henvisning.

      Legespesialist på Nakke- og ryggpoliklinikken vil vurdere ut i frå henvisningen om pasienten er eigna for Prosjekt “utvikling av smarte helseløysinger” Rygg.