Brukerrådet
Retningsliner for Brukarrådet
Vedtekne av Styret for Helse i Hardanger AS 12.12.2018
Brukarmedverknad er lovfesta i Lov om pasient – og brukarrettighetslova. Styret i HiH AS vil at prinsippa og retningslinene herfrå er gjeldande også for Brukarrådet i HiH.
Prinsipp
- Brukarrådet skal representera alle pasientar som nyttar HiH
- Erfaringskompetansen til brukarrepresentantane er likeverdige med helsefagleg og administrativ kompetanse
- Brukarrådet har møte og talerett i styret for HiH gjennom den oppnemnde leiaren for brukarrådet
- Brukarrådet skal ikkje behandla saker om enkeltpersonar
- Brukarsynspunkt skal koma fram i rapportering til styret
Retningsliner
- Retningslinene skal vedtakast av styret i HiH
- Representantane i brukarrådet skal veljast med ein repr frå kvar av dei aktuelle brukarorganisasjonane, jfr. dei faglege satsingsområda som gjeld til ei kvar tid.
- Brukarrådet kan etablera og oppnemna brukarrupper når det er teneleg
Mandat
- Brukarrådet skal bidra til å oppnå helsetenester av god kvalitet, og god medverknad frå brukarar og organisasjonane deira
- Brukarrådet skal vera eit rådgjverande organ for styret som gjeld dei tilboda HiH tilbyr
- Brukarrådet skal vera eit samarbeidsforum for dei aktuelle organisasjonane
- Brukarrådet skal fremja saker som er viktige for brukarar
- Brukarrådet skal koma med høyringsfråsegner om relevante planar og utgreiingar
- Brukarrådet skal laga årsplanar og årsrapport for eige verksemd
Møter
Brukarrådet skal halda sine møter i forkant av styremøtet
Innkalling og saksliste til brukarrådet skal sendast av leiar minst ei veke før møtet

Medlemer i brukarrådet
Hans Atle Soldal (Leder brukarrådet Helse Hardanger)
Marit Heidi Seim (Norges Astma- og allergiforbund, Voss og omland)
Per Magne Normann (Landsforeningen for hjerte og lungesyke, avdeling LHL Kvam)
Brit Tone Skeie, (Norges Revmatikarforbund, avdeling Kvam revmatikarlag)
Hanne Hesthamar (Mental Helse Kvam), Nils Dolve (Diabetesforbundet, avdeling Kvam og Jondal)
Anne Kristin Teigland, (Brystkreftforeningen Voss og Kvam)
Sidsel Haugen (Grannehjelpa).