Om oss

Helse i Hardanger AS er eit konsentrert tverrfagleg helsetilbod til menneske med utfordringar knytt til tungpust, rygg, angst og depresjon eller diabetes type 2.

Det skal virka.

Helse i Hardanger er gjennomsyra av ei enkel tenking: Skal helsevesenet lukkast med å møte dei store og voksande helseutfordringane i samfunnet, må me klare å mobilisere pasientene sine eigne ressursar i arbeidet med å oppnå betre helse.

Målgruppa er pasientar som har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta.

Om den konsentrerte behandlinga
Det me tilbyr i Helse i Hardanger er basert på kunnskap om dokumentert verksam behandling. Det nye ligg i måten me tar i bruk og set saman kunnskapen på. Alt vi gjer er ramma inn av tenkinga: «Det skal virka».

Saman med pasienten skreddarsyr me behandling for å gje auka funksjon i kvardagen og betre meistring av helseplagene. Fysisk aktivitet vil vere ein viktig del av behandlinga for alle.

Den konsentrerte behandlinga skjer i grupper på inntil 10 pasientar leia av relevante fagfolk. Fokus vil vera på å læra å kjenna igjen uhensiktsmessige handlingsmønster og trene på å endre desse.

Behandlinga finn stad i løpet av ei kort veke i Helse i Hardanger sine lokale i Øystese. Oppfølging skjer over eit heilt år, fyrst og fremst ved ulike digitale løysingar.

Kvalitetssikring og forsking er ein integrert del
Det faglege konseptet er vurdert og vert tilrådd av Helse Bergen. Skal det kunne bli ein del av det ordinære helsetilbodet, må me kunne svare på følgjande:

  • Treff tilbodet pasientgruppene i den forstand at dei takkar ja?
  • Gjennomfører pasientane behandlinga?
  • Synes pasientane at behandlinga var nyttig?
  • Gjer behandlinga helsegevinst?

Deltakarar må derfor vere villig til å la oss oppsummere resultata frå behandlinga. Prosjektet er godkjent av regional etisk forskingskomite.

Det vert tilrådd at deltakarane bur på hotellet som ligg ved HiH.  

Aktuelle helseplager

Helse i Hardanger skal være en arena for utvikling og utprøving av nye behandlingskonsept for ulike plager. Dersom det visar seg at dei har noko for seg, er målet at dette skal bli en del av det offentlege helsetilbudet. Det betyr at målgruppene vil variere over tid.

Målgrupper er pasientar som har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta. For tida har me tilbod til pasienter med følgjande helseplager:

  • Ryggproblem
  • Diabetes Type 2
  • Samansette angst- og depresjonsplager
  • Tungpust 

Aktuelle pasientar

Målgrupper er pasientar som har rett til helsehjelp i spesialisthelsetenesta.

Tilbudet kan vere aktuelt for den som mellom anna:

  • over noko tid har slite med den type helseplagar me no har tilbod til
  • er sjukemeld, eller står i fare for å bli sjukemeld
  • ynskjer å fungera betre i jobb eller utdanning
  • vil koma tilbake i jobb eller utdanning
  • er innstilt på å gjera ein eigeninnsats for å ta tak i eigne problem
  • kan gjera seg nytte av eit tverrfagleg tilbod
  • ynskjer å leve betre med helseplagene sine

Veien inn

Prosjektet er eit samarbeid med Helse Bergen. Fastlegen din kan søkje deg inn til ei vurdering.

Så snart me mottar tilvising, blir du satt opp til ein kort avklarande samtale med spesialist. I denne samtalen vil både spesialisten og du sjølv vurdere om konseptet er noko for deg no. Om du også oppfyller kriteria for «rett til helsehjelp», blir du invitert til å delta.

Tverrfagleg arbeidsmetode

Ved Helse i Hardanger finn du ei breitt samansett gruppe fagfolk som er klar til å arbeide saman med deg som har utfordringar knytt til rygg, angst og depresjon, diabetes type 2 eller med tungpust. Dette er helseplager som typisk har samansette årsaker, der den som er ramma kan ha nytte av innspel frå meir enn éin fagperson.

Me har tilsette med kompetanse innan rettleiing i fysisk aktivitet. Du vil få moglegheit til å prøve ut og få erfaring med nye måtar å vere fysisk aktiv på som kan hjelpe deg til å nå måla dine. Me legg vekt på at aktivitetane skal kunne vidareførast og bli ein del av kvardagen din.

Me har kliniske ernæringsfysiologar. Mange kan ha nytte av kosthaldsendringar for å nå helsemåla sine. Der dette er relevant, vil kliniske ernæringsfysiologar vise deg enkel, sunn og smakfull matlaging ved undervisningskjøkkenet vårt. Vi ynskjer å ruste deg med faglege og praktiske verktøy slik at du kan ta val som er bra for nettopp deg. 

Me har farmasøyt. Pasientar som har behov for vegleiing i rett bruk av medisinar kan få hjelp av farmasøyt. Undervisning med farmasøyt vil gå føre seg både i grupper og individuelt, tilpassa ditt behov og legen si oppmoding.

Organisasjonskart

Tilsette i Helse i Hardanger

Janiche Buanes Heltne

Janiche Buanes Heltne

Dagleg leiar

+47 95890486
janiche@helseihardanger.no

Silja Brattli Tolo

Silja Brattli Tolo

Leiar adm./undervisning i endringsarbeid

Psykiatrisk sjukepleiar
silja@helseihardanger.no

Eli Skeie

Eli Skeie

Leiar Ernæring

Klinisk ernæringsfysiolog
eli@helseihardanger.no

Sidsel Rykken

Sidsel Rykken

Leiar Farmasi

Provisorfarmasøyt
sidsel@helseihardanger.no

Torunn Åkra

Torunn Åkra

Leiar Fysisk aktivitet

Fysioterapeut
torunn@helseihardanger.no

Eirik Søfteland

Eirik Søfteland

Leiar Diabetes 2

Spesialist i indremedisin og endokrinologi
PhD innan Diabetesfeltet
eirik@helseihardanger.no

Øystein Theodor Ødegaard-Olsen

Øystein Theodor Ødegaard-Olsen

Leiar Rygg

Lege og kiropraktor
oystein@helseihardanger.no

Tore Børtveit

Tore Børtveit

Leiar Angst og depresjon

Psykologspesialist
tore@helseihardanger.no

Brukarrådet

Me har samarbeid med ulike brukarorganisasjonar i området for å sikra brukarperspektivet og medverknad i utforming av tilbodet. Leiar for brukarrådet er Hans Atle Soldal.

Styret i Helse i Hardanger

Stener Kvinnsland

Styreleiar

Dr. med.
Professor emeritus i medisin, UiB Seniorrådgjevar, Helse Bergen

Alfred Ingvar Halstensen

Nestleiar

Dr. med.
P
rofessor i medisin, UiB
Overlege, Haukeland Universitetssjukehus

Sidsel Rykken

Styremedlem

Provisorfarmasøyt
Farmasøyt
 ved Boots apotek Linnea

Jarle Hjartåker

Styremedlem

Spesialist i allmennmedisin
Fastlege i Helsebanken ANS

Øystein Theodor Ødegaard-Olsen

Styremedlem

Lege og kiropraktor

Terje Flotve

Styremedlem

Cand. Merc
Siviløkonom
HR Direktør, Haraldsplass Diakonale Sykehus 

Historia til Helse i Hardanger

Frå 2012 vart det arbeida med planane for eit Hardangerbad som skulle innehalde noko meir enn eit badeanlegg. Korleis kunne det i dette bygget med sine moglegheiter, og med eit hotell som nærmaste nabo, kunne utviklast nye helsetenester? Desse diskusjonane gjekk også i Kvam herad som skulle inn som medeigar i anlegget.

Planlagt opning hausten 2020.

post@helseihardanger.no

 
Førespurnader med helse- eller personopplysningar skal ikkje sendast til oss på e-post. Me kan heller ikkje svara på spørsmål om dette via e-post.

Hardangerfjordvegen 617, 5610 Øystese

Hardangerfjordvegen 615
5610 Øystese

Org. nr. 921 238 878

Intensjonsavtalar

Samarbeidsavtalar

Brukar- og paraplyorganisasjonar

Sponsorar

Pin It on Pinterest