Praktisk informasjon
Fleire spørsmål kan dukka opp når ein har fått tilbod om opphald hos oss. Her finn du informasjon som kan vere nyttig å lesa før du kjem. Me har også samla dei vanlegaste spørsmåla i ein eigen bolk. Kanskje du finn svar på spørsmåla dine der.
Fasilitetar, overnatting og måltid
Helse i Hardanger ligg i Hardangerbadet. I bygget finn ein mellom anna tre basseng og to treningsrom. Fasilitetane gir gode moglegheiter for fysisk utfalding uansett tilstand og funksjonsnivå. Ute er det kort veg til flotte og mangfaldige naturopplevingar.
Hardangerbadet og Hardangerfjord Hotel er fysisk knytte saman. Du sjekkar inn på hotellet og får eit eige rom. Alle måltid vert serverte i hotellet sin matsal like ved resepsjonen.
Rett over vegen ligg to små kjøpesenter med daglegvarebutikkar og ulike andre butikkar.

Målsetting og timeplan
Me tek mot pasientar med ulike problemstillingar, diagnosar og målsettingar for opphaldet. Me er opptekne av at måla er dine, og legg vekt på det du meiner vil føra til eit betre liv for deg.
Det er sett av faste tider i veka til undervisning. Denne vil mellom anna dreia seg om korleis få behandlinga ved HiH til å virka når ein kjem heim, slik at endringa vert varig.
Informasjonen me får i tilvisinga og svarskjemaet, gjev oss eit bilete av deg før du kjem. I starten av opphaldet vil me kartlegga nærare gjennom samtale og eventuelt undersøking. Etter det utarbeidar me, saman med deg, ein timeplan for opphaldet. Som pasient hjå oss tilhøyrer du ei fast gruppe, med tverrfagleg stab knytt til gruppa. Du får individuelle samtalar i starten, og individuell oppfølging under opphaldet.
Transport og vegen til Helse i Hardanger
Helse i Hardanger ligg i 3. etasje i Hardangerbadet i Kvam herad. Adressa er Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese.
Du kan køyra eigen bil eller nytta ulike offentlege transporttilbod for å koma til Øystese.
Dersom du nyttar eigen bil, har både Google Maps og 1881.no gode vegskildringar.

Fly
Næraste flyplass er Bergen Lufthavn, Flesland som ligg 80 km frå Øystese. Alternativ transport frå flyplassen er flybuss til Bergen sentrum og rutebuss vidare til Øystese. Du kan også ta drosje direkte til Helse i Hardanger.
Widerøe:: Tlf. 810 01 200 / wideroes.no
SAS: Tlf. 21 89 64 00 / sas.no
Norwegian: norwegian.no
Buss: skyss.no
Hardanger Taxi: Tlf: 07000 / 07000.no
Ruteopplysinga i Hordaland: Tlf. 177

Hurtigbåt
Det går ulike båtar mellom Hardanger og Bergen og omegn.
www.skyss.no
www.fjordline.com
Ruteopplysinga i Hordaland: Tlf. 177

Buss
Det går rutebussar til Øystese frå Voss og Bergen. Haukeliekspressen går innom Norheimsund som ligg 6 km frå Øystese.
www.skyss.no
www.nor-way.no
Ruteopplysinga i Hordaland: Tlf. 177
Velkomen til Helse i Hardanger!
Treng du hjelp til planlegging av reisa? Ta kontakt med Pasientreiser, tlf. 05515. Merk at flyreiser, samt drosje over lengre avstandar, må vera godkjente på førehand av tilvisande lege / Pasientreiser (gjeld reiser til HiH).
Hardangerbadet
Helse i Hardanger ligg i 3. etasje i Hardangerbadet. Les meir på hardangerbadet.no.
Hardangerfjord Hotel
Helse i Hardanger ligg i samme bygg som Hardangerfjord Hotel. Les meir på hardangerfjord-hotel.no.

Pakkeliste
Det er viktig med gode klede og sko under opphaldet. Her finn du ei oversikt over kva du må ta med deg. Det er viktig å merka seg at alle må ha med seg utstyr til både innandørs- og utandørsbruk, uavhengig av alder, funksjonsnivå og årstid.
Treningsklede
Treningsklede til aktivitetar innandørs. Gjerne romslege kle som er gode å bevega seg i.
Innesko
Innesko som er gode å bevega seg i, og som sit godt på foten. Slippers, Crocs og liknande er ikkje eigna til aktivitet.
Uteklede
Gode uteklede tilpassa vér og årstid. Her meinar me ytterklede som tåler regn og vind, eller kulde i den kalde årstida. Hugs også hue, sjal og vottar.
Utesko
Gode utesko som sit godt på foten. Det er viktig at du kan halda deg varm på beina, også i vått terreng eller når det er kaldt.
Ullundertøy
Ullundertøy til kalde dagar, slik at du held varmen når me er ute.
Turutstyr
Liten tursekk og eventuelt hovudlykt og turstavar viss du har dette.
Badetøy
Badetøy til bassenget.
Medikament
Ta med medikament og eventuelle andre medisinske rekvisita du treng under opphaldet.
Oppfølgingsplan / aktivitetsplan / individuell plan
Ta med oppfølgingsplan frå arbeidsgjevar og/eller aktivitetsplan frå NAV viss du har. Det same gjeld om du har individuell plan.

Pårørande
Det er høve for pårørande å vera med på deler av opphaldet.
Kultur- og fritidstilbod
Helse i Hardanger ligg i Kvam herad. Det er ein kommune med ca. 8 500 innbyggarar spredt over 616,5 km². Eit av satningsområda til kommunen er kultur. I kulturkalenderen til Kvam herad kan du finna ulike arrangement i kommunen.
Nyttige portalar:
Visit Kvam
På visitkvam.no finn du oversikt over ulike tilbod i kommunen.
Kunsthuset Kabuso
Kunsthuset Kabuso såg dagens lys i 2006. Huset er bygd som Hordaland fylke sin tusenårsstad og skal vera ein møteplass for alle – ein stad for dei gode kunstopplevingane. I Kabuso sitt tilbod finn ein òg det permanente kunstverket Hardanger Skyspace og skulpturmuseet Ingebrigt Vik museum frå 1934.
Kulturkalenderen til Kvam herad
Her finn du ei oversikt over utstillingar, konsertar, kino og andre ting som skjer i Kvam.
Kvam kino
Kvam kino er kommunal og ligg i Norheimsund. Kinosalen har 110 sitjeplassar i eit amfi. Det er ikkje setereservasjon. Kinoen opnar 30 min før kvar framsyning.
ut.no
Ut.no har mange turforslag i området.
Hardanger golfklubb
Informasjon om golfbanen i Øystese finn du på hardangergk.wordpress.com
Ofte stilte spørsmål
Fleire spørsmål kan dukka opp når du har fått tilbod om opphald hos oss. Nedanfor har me prøvd å samla dei vanlegaste spørsmåla me får. Kanskje du finn svar på spørsmåla dine her.
Eg finn ikkje svar på det eg lurar på på nettsida
Ta kontakt med Helse i Hardanger på e-post: post@helseihardanger.no, telefon eller besøk oss i Hardangerfjordvegen 615 i Øystese.
Kvar ligg Helse i Hardanger?
Helse i Hardanger ligg ved den vakre Hardangerfjorden i Hordaland. Sjå kart nedst på sida for nærare opplysningar.
Adressa vår er Hardangerfjordvegen 615, 5610 Øystese.
Kvar bur ein når ein er innlagd ved Helse i Hardanger?
Korleis får eg plass hos dykk?
Lege eller sjukehus må søkja om plass for deg. Du finn meir informasjon om søknadsprosedyre her.
Korleis kjem eg meg til Helse i Hardanger?
Det er fleire alternative reisemåtar. Du finn meir reiseinformasjon her.