Last updated: 22.11.2020

Etiske retningsliner for Helse i Hardanger (HiH)

Retningslinene tar utgangspunkt i verdiane våre og i gjeldande lov- og regelverk. Dei gjeld for alt vertskap i HiH, det vil seie alle medarbeidarar – og midlertidig tilsette.

Hovudverdi: Berekraft

HiH skal fremja berekraft i vid forstand for gjesten, for vertskapet og i eit samfunnsøkonomisk perspektiv. For gjesten vil målet vera realistiske, varige endringar. Drifta av HiH skal fremja berekraft for vertskapet gjennom eit fagleg og personleg gjevande arbeidsmiljø. Berekraft i eit samfunnsøkonomisk perspektiv inneber økonomisk lønsemd for HiH og ein ressursforløysande effekt for samfunnet.

1. I møtet med pasienten

  • Vertskapet i HiH skal møta alle gjester og pårørande med respekt og ei framferd som speglar ei open haldning. Dette inneber blant anna å ha kunnskap om og evne til å gje informasjon som gjesten kan dra nytte av.

  • HiH ynskjer å mobilisere pasientane sine eigne ressursar for å oppnå betre funksjon og helse. Vertskapet i HiH skal bidra med støtte, fagleg kompetanse og oppmuntring undervegs i endringsprosessen.

 

2. Arbeidsmiljø

  • Alle tilsette i HiH har ansvar for å skapa eit godt samarbeidsklima til beste for vertskap og gjester. På tvers av profesjon, matrise og søyler har me eit felles mål om eit trygt, utviklande og inkluderande fysisk og psykososialt miljø.
  • Mobbing eller trakassering av kollegaer skal ikkje skje. Alle tilsette pliktar å melde frå til leiar eller verneombod om kollegaer vert utsett for trakassering eller diskriminering.
  • All aktivitet i HiH sine lokale og med HiH sitt utstyr skal skje med fokus på tryggleik og etter gjeldande retningsliner.

     

    3. Forsking

    • HiH skal alltid vere open for forsking, innovasjon og læring.

    • HiH ivaretek informasjon om gjesten på ein verdig måte, og me pliktar å verna om livet, helsa og privatlivet til alle som deltek i ulike forskingsprosjekt. HiH følgjer retningslinene regionale komitear for medisinsk og helsefagleg forskningsetikk (REK) fastset.

    4. Tryggleik

      • Alle knytt til HiH held seg fagleg oppdatert, følgjer faglege retningsliner lovpålagte krav, lokale prosedyrar og plikter.

      • Alle knytt til HiH er bevisste på etiske problemstillingar, både faglege problemstillingar og problemstillingar som gjeld menneskerettigheitar, arbeidslivsstandard, miljø og korrupsjon.

      • Alle tilsette har eit felles ansvar til ei kvar tid å vurdere si verksemd sett i lys av reglane. Me kjenner pliktene og rutinane ved avvik, og me skriv rapport når avvik oppstår.

      • Oppstår det tvil om ei handling er etisk forsvarleg, må vedkommande avstå frå handlinga eller ta spørsmålet opp med nærmaste leiar.

      • Teieplikta er ikkje til hinder for å melde frå om forsømming eller andre uhaldbare eller lovstridige forhold.

      • Det er nulltoleranse for bruk av rusmiddel i pasientretta arbeid ved HiH.

    5. Økonomi og berekraft

      • HiH ynskjer å bidra til verdiskaping i lokalsamfunnet og skal nytta lokale ressursar der det er mogeleg.

      • HiH er miljømedviten og skal opptre slik at me minimere miljøbelastingar og forureiningar.

      • I HiH skal all ressursbruk vere gjennomtenkt for å best mogleg utnytte dei økonomiske ressursane me har.

    6. Omdømme

    • Alt vertskap skal opptre profesjonelt i alle relasjonar, og me avstår frå handlingar som kan svekkja tilliten til HIH.

    7. Sosiale medier

    • Digitale kommunikasjonsverktøy må nyttast med varsamd og medvit.
    • Kontakt i sosiale medium mellom pasientar og tilsette i HiH skal ikkje etablerast gjennom HiH. Dette gjeld også kontakt mellom representantar for brukarorganisasjonar og tilsette i HiH.

    8. Gåver

    • Vertskapet i HiH kan ta imot gåver frå gjester eller pårørande dersom dei er av relativt liten økonomisk verdi, til dømes konfekt eller blomar. Større gåver til bedrifta har dagleg leiar ansvar for å disponera til det beste for verksemda og i tråd med gjesten sitt ynskje.

    • Gåver til bedrifta skal ikkje vere i konflikt med vårt tilbod eller vårt verdigrunnlag.

    Pin It on Pinterest